mandag 22. oktober 2007

Fjellbilde

 
Posted by Picasa

Dei spreke tausene på Eid

Vi er ein gjeng med damer som i fleire år nå har gått kortare og lengre fjellturar i lag. Vi legg minst like stor vekt på det sosiale som trimmen, og har utforma nokre grunnleggande reglar for aktiviteten vår:

Definisjonen av ein TPT-tur er følgande:
-dersom ei eller fleire TPT-damer går frå A til B (og oftast tilbake), er det ein TPT-tur
-dersom du finn ut kvar og når turen går, kan du vere med i TPT
-Dersom du har lyst til å gå tur i lag med andre TPT-damer så bestem eit mål og kall inn!

Ei "taus" må kanskje også definerast: det er (i dette tilfellet) ein person av hokjønn. Alder og sivilstatus held vi utanfor her.

Til slutt vil eg gjere merksam på at ordet "taus" ikkje har noko som helst med å vere "taus" å gjere, om du ikkje har sans for ironi....!

Tvert imot: vi aukar oksygenopptaket bevisst (eller ubevisst) ved å snakke masse i motbakkane. Når du kan gå på Skårhaugnakken og snakke samtidig heilt til du er oppe, er du i god form! - og du har ikkje minst skaffa deg ein solid status i TPT.