torsdag 7. august 2008

Torheimsetra via Bjørnaskarnakkjen


I går var vi på tur igjen, denne gongen frå Hansgjellen på Hundvikfjellet, via Bjørnaskarnakkjen og til Torheimsetra - Torheim. Astrid P sin Anders var så snill å møte oss med bil nedanfor setra, og Astrid og Kari vart med han. Kari henta "spisevogna" på Hansgjellen, og kom og møtte oss andre på Torheim. Da hadde vi hatt ein nydeleg tur bortom tunet til Astrid T sine foreldre, der vi mellom annan meska oss med kirsebær frå nokre bugnande tre. Mmmmm. Det var ein vakker sommarkveld på frodige Torheim, og kaprifollukta låg tung kring oss der vi gjekk i møte med sjåføren vår. "Vi" var denne gongen: Kari, Jorunn, Astrid T, Hilde, Astrid P, Bodil og Herdis. Fleire bilder i albumet.