torsdag 21. mai 2009

Skipenessetra 20.mai

Onsdag gjekk Bodil, Astrid P og Herdis på Skipenessetra. Været var fint, og vi hadde nydeleg kveldssol på turen. Her er dei blide og fornøgde tausene Bodil og Astrid avbilda etter turen, den raude sekken er fotografen sin.

tirsdag 12. mai 2009

Bjørlovatnet 12.05.09

Det var Bodil, Jorunn og Herdis som gjekk i dag, og vi vart som vanleg eskortert av den firbeinte gentlemannen Pål, som de ser på bildet under.

Turen gjekk til Bjørlovatnet. Været har endra seg i løpet av dagen, og nå seier meteorologane at vi igjen kan sjå fram til nokre fine soldagar. Vi hadde ein flott tur, og vi kjende at beina gjekk overraskande lett oppover bakkane. Om det skuldast at vi er i bra form trass alt, eller det hyggelege selskapet veit eg ikkje, men vi var som vanleg i strålande humør da vi kom nedatt, og gler oss til ein laaaaang tursesong!

fredag 1. mai 2009

Startskuddet har gått: Veten

Årets TPT-sesong er i gang! Onsdag 29.april traska fire våryre tauser og ein firbeint ved navn Pål opp på Veten. Her ser de fire av dei fem spreke turgåarane avbilda ved - ja nettopp - veten. Vi skreiv oss i opptil fleire bøker, og var enige om at vi hadde hatt ein framifrå tur!

Heretter blir det som vanleg sms-innkalling på omgang, neste tur blir lagt opp av Astrid Torheim. Du får melding!;-)