tirsdag 30. desember 2008

GODT NYTT (TUR)ÅR!


Denne boka fekk vi til jul. Den kan anbefalast på det varmaste - mange fine beskrivingar av turar i kommunen vår, fleire av dei har i alle fall ikkje eg gått før. Her har vi mange idear til nye turar i turåret 2009.

Da vil eg berre ønske dei som er innom (den offisielle) TPT-bloggen eit forrykande GODT NYTT ÅR i 2009!

torsdag 25. september 2008

Bilder frå turen til Bjørlovatnet lagt ut

Nå har eg lagt ut bilda som Jorunn tok på turen til Bjørlovatnet 17.09. om nokon har lyst til å sjå dei!

torsdag 18. september 2008

Bjørlovatnet 17.09.08.

I går gjekk turen til Bjørlovatnet. Det var mange som var med: Jorunn, Gitta, Jannicke, Bodil, Thor (41/2), Herdis og Pål (firbeint). Marit og Maja kom etter oss opp, i joggetempo (kva nå det skal vere godt for, tviler på at dei klarer å snakke da?!) Kvelden var fin, med nokre solgløtt og frisk haustluft. Hausten er vakker - og særleg i år!

Bilder blir lagt i albumet når dei kjem inn til redaksjonen.

Vil til slutt minne på at det er fullt muleg, og absolutt lov, å skrive kommentarar etter kvart innlegg. Dersom eg har skreve noko feil, eller noko manglar, eller du er uenig, eller berre har eit eller anna hyggeleg å seie, er det flott. Tilbakemeldingar blir teke imot med takk!

søndag 14. september 2008

JUBILEUMS-ÅRSMØTE 13.09.08 10 år!!!!!!

Kvelden starta med at Astrid P, Astrid T, Jorunn, Kari, Marit, Gitta og Herdis møttest på Malakoff på Nordfjord hotell, i sin finaste stas, og vandra så inn i spisesalen for å innta festmiddagen. Nedanfor ser de den steikte ueren, som var svært god!




Vi åt og koste oss, og tida gjekk fort. Den meir høgtidelege delen av møtet starta da seniortaus Jorunn (Taus-of-the-year 1998) brått reiste seg og heldt ein liten tale. Taus-of-the-year-tittelen vart for andre gong delt ut denne kvelden. Kandidaten fekk både diplom og eit vakkert, særprega sølvsmykke. (Bilete til venstre) Grunngjevinga for valget vart lese opp: "Med takk for flott arbeid med å dokumentere TPT sin aktivitet for framtidige generasjonar av tauser og andre interesserte. Ho viser stor kreativitet og evne til å kombinere både gamal og ny teknikk. Ho har gjort eit ihuga arbeid for å introdusere ny teknologi i TPT" Det var Herdis som vart heidra på denne måten, og kan nå også titulere seg "Seniortaus". Ho nemnde i takketalen ein som først og fremst har bidrege med mykje tålmod med omsyn til at partnaren stort sett har sete med ryggen til, og som oftast har svart på tiltale med einstavingsord eller grynt det siste halve året - ektemannen Arnstein.
Etter prisutdelinga gjekk vi vidare med dessert og årsmøtesaker. Her kjem eit referat frå protokollen:
JUBELÅRET 2008
1. Då har vi igjen kåra Taus-of-the-year: Herdis! (sjå lenger opp)
2. Ulltruse: Astrid T har fått ULLTRUSE i år. Spørsmålet er: bruker ein noko under? (Ulike forslag kjem her opp, eg refererer ikkje desse). Konklusjonen vart: det er som med det meste i TPT - valfritt!
3. Ingenting gale med Aurlandsdalen. 6 av 7 frammøtte har lyst til Krakow. Nederland står sterkt som nr. 2. Konklusjon: Krakow hausten sept./okt. 09, Jorunn held auge med billettar torsdag til mandag. Vi skal på kulturseverdighet og jazzklubb. Hotell Laura Ashley. (Astrid T har full oversikt her)
4. Aurlandsdalen - ka e so gale med starten av juni 09 då? Ingen ting. Vi reiser inn, tek Flåmsbana, går ned dalen og får middag med systra til Astrid. Fretheim hotell er aktuelt. Astrid T undersøker dette.
5. Vi kan ikkje ta alle tre turane i 2009. Realistisk med Aurlandsdalen vår og Krakow haust. Nederland våren 2010. Gitta undersøker kva som er muleg her. Flott å sykle i Nederland nå tulipanane blømer.
Protokollen er signert av Kari, Astrid P, Herdis, Astrid T, Jorunn, Marit og Gitta (juniortaus)
PS: fleire bilder i albumet!!

søndag 7. september 2008

Glitteregga 7.9.(gebursdagsgavetur)

Eit av medlemmene våre (gratulerer med dagen, Jorunn!) har lenge ønska seg tur til Glitteregga som gebursdagspresang, og i dag var tida komen for tindebestigninga. Glitteregga er forresten det høgaste fjellet i Eid kommune. Vi slo oss i lag med Turlaget, og heile den store flokken vart geleida på rett veg av den kyndige vegvisaren Ingrid K. Øyra. Turen vart fantastisk for Kari, Andreas (12), Jorunn og Herdis. Bilda taler for seg sjølv: (fleire i albumet)


fredag 5. september 2008

ÅRSMØTE

Kunngjering!
Det blir årsmøte på Nordfjord hotell laurdag 13.september. Vi møtest i puben om lag klokka 19.30. Påmelding til Jorunn.

Jursteinen 20.august


Jorunn, Bodil, Herdis og Pål (firbeint) var på Jursteinen ovafor Lindviksetra i fint vær denne onsdagen. Det er ei stund sidan nå, og mykje vatn har rent i havet, og mange TPT-turar har vore avvikla sidan. (Slik går det når bloggsjefen ikkje gjer jobben sin). Uansett: vi kom ned igjen noko blåare rundt munnen enn da vi starta, og vi fann det mystiske og skumle fotavtrykket i steinen.....


Fleire bilder i albumet.


torsdag 7. august 2008

Torheimsetra via Bjørnaskarnakkjen


I går var vi på tur igjen, denne gongen frå Hansgjellen på Hundvikfjellet, via Bjørnaskarnakkjen og til Torheimsetra - Torheim. Astrid P sin Anders var så snill å møte oss med bil nedanfor setra, og Astrid og Kari vart med han. Kari henta "spisevogna" på Hansgjellen, og kom og møtte oss andre på Torheim. Da hadde vi hatt ein nydeleg tur bortom tunet til Astrid T sine foreldre, der vi mellom annan meska oss med kirsebær frå nokre bugnande tre. Mmmmm. Det var ein vakker sommarkveld på frodige Torheim, og kaprifollukta låg tung kring oss der vi gjekk i møte med sjåføren vår. "Vi" var denne gongen: Kari, Jorunn, Astrid T, Hilde, Astrid P, Bodil og Herdis. Fleire bilder i albumet.

onsdag 30. juli 2008

Maragjølsetra



Turen i dag gjekk til Maragjølsetra. Vi var fem tauser med denne gongen: Kari, Astrid T, Jannicke, Jorunn og Herdis. Været var litt spesielt: tora buldra i bakgrunnen, men ga seg omsider. Regnskura som vanlegvis følger etterpå glimra med sitt fråver, og TPT-turen vart enda ein gong mirakuløst nok gjennomført i utmerka (opphalds)ver! Det var ørlitt kjølegare i lufta enn det har vore dei siste dagane, noko fleire av oss sette pris på. Varmt nok likevel! Vi fekk ein flott tur, og møtte Turlaget på veg ned da vi var oppe ved brua ovafor setra. Dei hadde heller ikkje lete seg skremme av været, heldigvis for både dei og oss. Det er fint der oppe, kan absolutt anbefalast. Fleire bilder i albumet.

torsdag 24. juli 2008

Tur til Hornet frå Hamneset

I går (onsdag 23.07.)var TPT på ein flott tur til eit heilt nytt turmål for oss: Hornet ved Hamneset. Deltakarane denne gongen var Jorunn, Kari, Astrid T, Marit og Herdis. Kari hadde vore der for første gong nyleg, og viste veg oppover. Astrid var jo på kjente trakter, ettersom besteforeldra hennar har budd på bruket der turen starta. (Vi var til og med bortom og kikka på hyttetomta hennar på veg ned, med Nordfjords flottast eik!. Her kjem nokre bilder frå den uvanleg fine turen: