onsdag 30. juli 2008

Maragjølsetra



Turen i dag gjekk til Maragjølsetra. Vi var fem tauser med denne gongen: Kari, Astrid T, Jannicke, Jorunn og Herdis. Været var litt spesielt: tora buldra i bakgrunnen, men ga seg omsider. Regnskura som vanlegvis følger etterpå glimra med sitt fråver, og TPT-turen vart enda ein gong mirakuløst nok gjennomført i utmerka (opphalds)ver! Det var ørlitt kjølegare i lufta enn det har vore dei siste dagane, noko fleire av oss sette pris på. Varmt nok likevel! Vi fekk ein flott tur, og møtte Turlaget på veg ned da vi var oppe ved brua ovafor setra. Dei hadde heller ikkje lete seg skremme av været, heldigvis for både dei og oss. Det er fint der oppe, kan absolutt anbefalast. Fleire bilder i albumet.

Ingen kommentarer: