søndag 14. september 2008

JUBILEUMS-ÅRSMØTE 13.09.08 10 år!!!!!!

Kvelden starta med at Astrid P, Astrid T, Jorunn, Kari, Marit, Gitta og Herdis møttest på Malakoff på Nordfjord hotell, i sin finaste stas, og vandra så inn i spisesalen for å innta festmiddagen. Nedanfor ser de den steikte ueren, som var svært god!




Vi åt og koste oss, og tida gjekk fort. Den meir høgtidelege delen av møtet starta da seniortaus Jorunn (Taus-of-the-year 1998) brått reiste seg og heldt ein liten tale. Taus-of-the-year-tittelen vart for andre gong delt ut denne kvelden. Kandidaten fekk både diplom og eit vakkert, særprega sølvsmykke. (Bilete til venstre) Grunngjevinga for valget vart lese opp: "Med takk for flott arbeid med å dokumentere TPT sin aktivitet for framtidige generasjonar av tauser og andre interesserte. Ho viser stor kreativitet og evne til å kombinere både gamal og ny teknikk. Ho har gjort eit ihuga arbeid for å introdusere ny teknologi i TPT" Det var Herdis som vart heidra på denne måten, og kan nå også titulere seg "Seniortaus". Ho nemnde i takketalen ein som først og fremst har bidrege med mykje tålmod med omsyn til at partnaren stort sett har sete med ryggen til, og som oftast har svart på tiltale med einstavingsord eller grynt det siste halve året - ektemannen Arnstein.
Etter prisutdelinga gjekk vi vidare med dessert og årsmøtesaker. Her kjem eit referat frå protokollen:
JUBELÅRET 2008
1. Då har vi igjen kåra Taus-of-the-year: Herdis! (sjå lenger opp)
2. Ulltruse: Astrid T har fått ULLTRUSE i år. Spørsmålet er: bruker ein noko under? (Ulike forslag kjem her opp, eg refererer ikkje desse). Konklusjonen vart: det er som med det meste i TPT - valfritt!
3. Ingenting gale med Aurlandsdalen. 6 av 7 frammøtte har lyst til Krakow. Nederland står sterkt som nr. 2. Konklusjon: Krakow hausten sept./okt. 09, Jorunn held auge med billettar torsdag til mandag. Vi skal på kulturseverdighet og jazzklubb. Hotell Laura Ashley. (Astrid T har full oversikt her)
4. Aurlandsdalen - ka e so gale med starten av juni 09 då? Ingen ting. Vi reiser inn, tek Flåmsbana, går ned dalen og får middag med systra til Astrid. Fretheim hotell er aktuelt. Astrid T undersøker dette.
5. Vi kan ikkje ta alle tre turane i 2009. Realistisk med Aurlandsdalen vår og Krakow haust. Nederland våren 2010. Gitta undersøker kva som er muleg her. Flott å sykle i Nederland nå tulipanane blømer.
Protokollen er signert av Kari, Astrid P, Herdis, Astrid T, Jorunn, Marit og Gitta (juniortaus)
PS: fleire bilder i albumet!!

1 kommentar:

Anonym sa...

Det er lov å skrive kommentarar, jenter....Har gjort det enda litt lettare nå. Spam får vi ta om det kjem, slett ikkje sikkert!