torsdag 15. januar 2009

Info og linkar: KRAKOW

Krakow er ein eldgamal kulturby, med ei veldig interessant historie.

Her er nokre linkar henta frå mellom anna Aftenposten og andre stader, med omtale av Krakow, og kva som er verd å sjå og gjere:

Link 1
Link 2
Link 3
Link 4 (bilder)

Her er kart.

Dato er bestemt!

Det er nå bestemt at turen går frå Bergen til Warszawa laurdag den 19. september, og tilbake frå Krakow til Bergen onsdag 23. september. Dei som vil vere med må skunde seg å bestille billett!

søndag 11. januar 2009

TPT-tur til Krakow?

På årsmøtet i haust vart det "vedteke" at vi skulle ta ein TPT-tur til Polen hausten 09, nærare bestemt Krakow. Nå har det kome forslag frå Jorunn om å satse på laurdag 19. - tysdag 22. september. Ho foreslår også at dei som er interessert går inn og bestiller billettar kvar for seg, men aller først må vi bli enige om datoen!

Det er ein mulighet for at den polske svigerdottera til Jorun kan bli med oss som guide. Det hadde vore flott, da vi så vidt eg veit ikkje er så veldig stive i polsk nokon av oss. I tillegg fantastisk med nokon som er lokalkjent - trur dette kan bli ein veldig fin tur om vi får det til!

Kjem tilbake med meir info når vi har konkretisert planane enda litt meir......

tirsdag 30. desember 2008

GODT NYTT (TUR)ÅR!


Denne boka fekk vi til jul. Den kan anbefalast på det varmaste - mange fine beskrivingar av turar i kommunen vår, fleire av dei har i alle fall ikkje eg gått før. Her har vi mange idear til nye turar i turåret 2009.

Da vil eg berre ønske dei som er innom (den offisielle) TPT-bloggen eit forrykande GODT NYTT ÅR i 2009!

torsdag 25. september 2008

Bilder frå turen til Bjørlovatnet lagt ut

Nå har eg lagt ut bilda som Jorunn tok på turen til Bjørlovatnet 17.09. om nokon har lyst til å sjå dei!

torsdag 18. september 2008

Bjørlovatnet 17.09.08.

I går gjekk turen til Bjørlovatnet. Det var mange som var med: Jorunn, Gitta, Jannicke, Bodil, Thor (41/2), Herdis og Pål (firbeint). Marit og Maja kom etter oss opp, i joggetempo (kva nå det skal vere godt for, tviler på at dei klarer å snakke da?!) Kvelden var fin, med nokre solgløtt og frisk haustluft. Hausten er vakker - og særleg i år!

Bilder blir lagt i albumet når dei kjem inn til redaksjonen.

Vil til slutt minne på at det er fullt muleg, og absolutt lov, å skrive kommentarar etter kvart innlegg. Dersom eg har skreve noko feil, eller noko manglar, eller du er uenig, eller berre har eit eller anna hyggeleg å seie, er det flott. Tilbakemeldingar blir teke imot med takk!

søndag 14. september 2008

JUBILEUMS-ÅRSMØTE 13.09.08 10 år!!!!!!

Kvelden starta med at Astrid P, Astrid T, Jorunn, Kari, Marit, Gitta og Herdis møttest på Malakoff på Nordfjord hotell, i sin finaste stas, og vandra så inn i spisesalen for å innta festmiddagen. Nedanfor ser de den steikte ueren, som var svært god!




Vi åt og koste oss, og tida gjekk fort. Den meir høgtidelege delen av møtet starta da seniortaus Jorunn (Taus-of-the-year 1998) brått reiste seg og heldt ein liten tale. Taus-of-the-year-tittelen vart for andre gong delt ut denne kvelden. Kandidaten fekk både diplom og eit vakkert, særprega sølvsmykke. (Bilete til venstre) Grunngjevinga for valget vart lese opp: "Med takk for flott arbeid med å dokumentere TPT sin aktivitet for framtidige generasjonar av tauser og andre interesserte. Ho viser stor kreativitet og evne til å kombinere både gamal og ny teknikk. Ho har gjort eit ihuga arbeid for å introdusere ny teknologi i TPT" Det var Herdis som vart heidra på denne måten, og kan nå også titulere seg "Seniortaus". Ho nemnde i takketalen ein som først og fremst har bidrege med mykje tålmod med omsyn til at partnaren stort sett har sete med ryggen til, og som oftast har svart på tiltale med einstavingsord eller grynt det siste halve året - ektemannen Arnstein.
Etter prisutdelinga gjekk vi vidare med dessert og årsmøtesaker. Her kjem eit referat frå protokollen:
JUBELÅRET 2008
1. Då har vi igjen kåra Taus-of-the-year: Herdis! (sjå lenger opp)
2. Ulltruse: Astrid T har fått ULLTRUSE i år. Spørsmålet er: bruker ein noko under? (Ulike forslag kjem her opp, eg refererer ikkje desse). Konklusjonen vart: det er som med det meste i TPT - valfritt!
3. Ingenting gale med Aurlandsdalen. 6 av 7 frammøtte har lyst til Krakow. Nederland står sterkt som nr. 2. Konklusjon: Krakow hausten sept./okt. 09, Jorunn held auge med billettar torsdag til mandag. Vi skal på kulturseverdighet og jazzklubb. Hotell Laura Ashley. (Astrid T har full oversikt her)
4. Aurlandsdalen - ka e so gale med starten av juni 09 då? Ingen ting. Vi reiser inn, tek Flåmsbana, går ned dalen og får middag med systra til Astrid. Fretheim hotell er aktuelt. Astrid T undersøker dette.
5. Vi kan ikkje ta alle tre turane i 2009. Realistisk med Aurlandsdalen vår og Krakow haust. Nederland våren 2010. Gitta undersøker kva som er muleg her. Flott å sykle i Nederland nå tulipanane blømer.
Protokollen er signert av Kari, Astrid P, Herdis, Astrid T, Jorunn, Marit og Gitta (juniortaus)
PS: fleire bilder i albumet!!