Det er nå bestemt at turen går frå Bergen til Warszawa laurdag den 19. september, og tilbake frå Krakow til Bergen onsdag 23. september. Dei som vil vere med må skunde seg å bestille billett!
12. mai: BJØRLOVATNET (Jorunn, Bodil, Herdis og Pål) 6. mai: ÅSEBØEN, Heggjabygda (Jorunn, Astrid T og Pål ) 29. april: VETEN (Gitta, Astrid T, Jorunn, Herdis og Pål )
TURAR SOMMAREN 2008
7. mai: HJELLESETRA, nesten, var ein del snø. (Astrid P og Herdis) 28.mai: BJØRLOVATNET. (Jorunn, Astrid P og Astrid T) 4. juni: RØDGRØTEGGA, nesten. (Astrid T, Bodil, Jorunn, Kari, Gitta og Herdis) 11.juni: VETEN. (Astrid T, Marit, Jorunn, Gitta og Herdis) 18.juni: LINDVIKSETRA via Villevatnet. (Marit, Gitta, Jorunn, Jannicke, Bodil og Herdis) 25.juni: BJØRLOVATNET. (Herdis og Kari) 2.juli: SKÅRHAUGNAKKEN. (Gitta og Herdis) 9. juli: RINDAHORNET. (Astrid P, Kari og Herdis) 16. juli: NAUSTDALSKAMBEN. (Herdis, Jorunn og Kari frå TPT. Else og firbeinte Doffa var med og viste veg) 23.juli: HORNET frå Hamneset. (Marit, Jorunn, Kari, Astrid T og Herdis) 30.juli: MARAGJØLSETRA. (Kari, Astrid T, Jannicke, Jorunn og Herdis) 06.august: HANSGJELLEN/BJØRNSKARNAKKJEN/TORHEIM via Torheimsetra (Astrid T, Astrid P, Bodil, Kari, Jorunn, Hilde og Herdis) 13.august: RINDAHORNET (Astrid T, Bodil og Dixie) 20.august: JURSTEINEN v. Lindviksetra (Bodil, Jorunn, Herdis og Pål) 27.august: ÅSEBØNAKKEN (Jorunn og Gitta) 07.september: GLITTEREGGA (Kari, Jorunn, Andreas og Herdis) 17.september: BJØRLOVATNET (Jorunn, Gitta, Herdis, Bodil, Thor og Pål)
Få slutt på lausgjengeriet og feire det med Champagne og Cohiba på alle fjelltoppar.
TPT er ein ideell organisasjon for dei som går aktivt inn for å få slutt på lausgjengeriet, som dyrkar bratte vegar og ellers har mange formålslause tankar.
STATUTTAR FOR TAUSELAGET TPT
1.1 TPT (Tauser på tur) avd. Nordfjordeid er ein seriøs organisasjon med føremål: Ut på tur, nokon blir alltid sure likevel.
1.2 Ingen er eller blir medlemar i TPT. Den som ynskjer å delta i TPT sine aktivitetar har sjølv ansvar for at så skjer. Noko anna ville berre vere flaks. Deltakarane vert oppmoda om at ein held fast på prinsippet om spontant frammøte.
1.3 Eventuelle endringar i statuttane kan berre skje på årsmøtet, som blir avvikla minst ein gong kvart år. Endringane vert vedtekne med simpelt fleirtal. Dersom nokon ikkje likar vedtaket og byrjar å grine, skal dette takast til følge og vedkomande får viljen sin.
1.4 Alle intrigar, kranglar, slåsskampar og "gode" sladderhistorier skal førast i protokollen saman med det som ellers skjer på årsmøtet. (Til dømes endringar i statuttane).
1.5 Ja! Til privat initiativ. (Referenten trur det vert meint sosiale aktivitetar og kan dermed føye til: Nei til kapitalismen).
1.6 Innkalling til årsmøte skjer på omgang og ved behov.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar