søndag 4. oktober 2009

Nokre Krakow-bilder lagt ut....

Dette har vore ein litt slapp sesong for TPT. Vi har ikkje vore så flinke til å gå regelmessig på tur, og bloggaren har nok svikta ein del når det gjeld dokumentasjonenen på den aktiviteten som trass alt har vore der.

Ein av dei store TPT-hendingane i haust har vore turen til Krakow, og vi må prøve å få til eit referat etter kvart. Har lagt ut nokre bilder i albumet i dag, fleire kjem etter kvart.

Her er ein smakebit:




onsdag 24. juni 2009

Skårhaugnakken 24. juni

Her ser de tausene som deltok på turen i dag: Marit, Herdis og Bodil. Det var aldeles fantastisk vær, og egentleg den første dagen med skikkeleg sommarvær i sommar. Var bra i går, men ikkje så strålande, og aprilsommaren vi hadde teller ikkje.....
Vi sat ei lang stund oppe på Nakken og berre koste oss i sola, og samla D-vitaminar og anna positivt til bruk når haustmørkret og desemberstormane set inn.

torsdag 21. mai 2009

Skipenessetra 20.mai

Onsdag gjekk Bodil, Astrid P og Herdis på Skipenessetra. Været var fint, og vi hadde nydeleg kveldssol på turen. Her er dei blide og fornøgde tausene Bodil og Astrid avbilda etter turen, den raude sekken er fotografen sin.

tirsdag 12. mai 2009

Bjørlovatnet 12.05.09

Det var Bodil, Jorunn og Herdis som gjekk i dag, og vi vart som vanleg eskortert av den firbeinte gentlemannen Pål, som de ser på bildet under.

Turen gjekk til Bjørlovatnet. Været har endra seg i løpet av dagen, og nå seier meteorologane at vi igjen kan sjå fram til nokre fine soldagar. Vi hadde ein flott tur, og vi kjende at beina gjekk overraskande lett oppover bakkane. Om det skuldast at vi er i bra form trass alt, eller det hyggelege selskapet veit eg ikkje, men vi var som vanleg i strålande humør da vi kom nedatt, og gler oss til ein laaaaang tursesong!

fredag 1. mai 2009

Startskuddet har gått: Veten

Årets TPT-sesong er i gang! Onsdag 29.april traska fire våryre tauser og ein firbeint ved navn Pål opp på Veten. Her ser de fire av dei fem spreke turgåarane avbilda ved - ja nettopp - veten. Vi skreiv oss i opptil fleire bøker, og var enige om at vi hadde hatt ein framifrå tur!

Heretter blir det som vanleg sms-innkalling på omgang, neste tur blir lagt opp av Astrid Torheim. Du får melding!;-)

mandag 9. mars 2009

Aurlandsturen tek form

OBS!!
Det viste seg at det var få som kunne reise helga som først vart foreslått, så nå har Astrid sendt ut sms til alle med forslag om helga før: reise fredag 19., og gå laurdag 20. Vi har framleis tilbod om gratis overnattingsplass.

Eg kjem tilbake med meir informasjon etter kvart!

søndag 18. januar 2009

Vi har fått bloggpris!


“Denne bloggen investerer i og tror på NÆRHET- nærhet i rom, tid og forhold! Disse bloggerne er usedvanlig sjarmerende og søte, og formålet er å finne og å være venner. De er ikke opptatt av utmerkelser og selvhevdelse. Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelser er kuttet, vil enda flere vennskap ha forplantet seg. Vær vennlig å gi litt ekstra oppmerksomhet til disse! Gi denne utmerkelsen til åtte bloggere, som igjen må velge seg åtte nye. Inkluder denne teksten på utmerkelsen deres”.

Prisen har vi fått av ElinG. TUSEN TAKK, ELIN! Ho skriv også blogg, mest om hobbyane sine, haging og quilting, og den finn du HER.

Nå har det seg slik at dei fleste bloggarar eg kjenner har fått denne utmerkinga tidlegare, så eg velger å la den gå vidare til bloggarar av alle slag som skulle forville seg inn på denne offisielle TPT-bloggen. Vennskap er viktig og ein god ting i livet, og det er faktisk slik at internett åpnar mange nye muligheter for å knyte vennskapsband til andre menneske,og mange fleire enn tidlegare. Det er verkeleg eit fargerikt fellesskap "der ute", og eit blomstrande, kreativt nettverk av hyggelege menneske. Eg vil anbefale å utforske dette universet for dei som er åpne for både nye impulsar og nye relasjonar....
Det er også eit faktum at å gå fjellturar i lag gir ein ekstra dimensjon til vennskapet, det gir godt humør, latter og glede - naturopplevingar, spenst i kroppen og kraftig kaloriforbrenning! Kva meir kan ein ønske seg ein vår, sommar- eller haustdag i Nordfjord-? Hurra for vennskap, og hurra for TPT!

torsdag 15. januar 2009

Info og linkar: KRAKOW

Krakow er ein eldgamal kulturby, med ei veldig interessant historie.

Her er nokre linkar henta frå mellom anna Aftenposten og andre stader, med omtale av Krakow, og kva som er verd å sjå og gjere:

Link 1
Link 2
Link 3
Link 4 (bilder)

Her er kart.

Dato er bestemt!

Det er nå bestemt at turen går frå Bergen til Warszawa laurdag den 19. september, og tilbake frå Krakow til Bergen onsdag 23. september. Dei som vil vere med må skunde seg å bestille billett!

søndag 11. januar 2009

TPT-tur til Krakow?

På årsmøtet i haust vart det "vedteke" at vi skulle ta ein TPT-tur til Polen hausten 09, nærare bestemt Krakow. Nå har det kome forslag frå Jorunn om å satse på laurdag 19. - tysdag 22. september. Ho foreslår også at dei som er interessert går inn og bestiller billettar kvar for seg, men aller først må vi bli enige om datoen!

Det er ein mulighet for at den polske svigerdottera til Jorun kan bli med oss som guide. Det hadde vore flott, da vi så vidt eg veit ikkje er så veldig stive i polsk nokon av oss. I tillegg fantastisk med nokon som er lokalkjent - trur dette kan bli ein veldig fin tur om vi får det til!

Kjem tilbake med meir info når vi har konkretisert planane enda litt meir......

tirsdag 30. desember 2008

GODT NYTT (TUR)ÅR!


Denne boka fekk vi til jul. Den kan anbefalast på det varmaste - mange fine beskrivingar av turar i kommunen vår, fleire av dei har i alle fall ikkje eg gått før. Her har vi mange idear til nye turar i turåret 2009.

Da vil eg berre ønske dei som er innom (den offisielle) TPT-bloggen eit forrykande GODT NYTT ÅR i 2009!

torsdag 25. september 2008

Bilder frå turen til Bjørlovatnet lagt ut

Nå har eg lagt ut bilda som Jorunn tok på turen til Bjørlovatnet 17.09. om nokon har lyst til å sjå dei!

torsdag 18. september 2008

Bjørlovatnet 17.09.08.

I går gjekk turen til Bjørlovatnet. Det var mange som var med: Jorunn, Gitta, Jannicke, Bodil, Thor (41/2), Herdis og Pål (firbeint). Marit og Maja kom etter oss opp, i joggetempo (kva nå det skal vere godt for, tviler på at dei klarer å snakke da?!) Kvelden var fin, med nokre solgløtt og frisk haustluft. Hausten er vakker - og særleg i år!

Bilder blir lagt i albumet når dei kjem inn til redaksjonen.

Vil til slutt minne på at det er fullt muleg, og absolutt lov, å skrive kommentarar etter kvart innlegg. Dersom eg har skreve noko feil, eller noko manglar, eller du er uenig, eller berre har eit eller anna hyggeleg å seie, er det flott. Tilbakemeldingar blir teke imot med takk!

søndag 14. september 2008

JUBILEUMS-ÅRSMØTE 13.09.08 10 år!!!!!!

Kvelden starta med at Astrid P, Astrid T, Jorunn, Kari, Marit, Gitta og Herdis møttest på Malakoff på Nordfjord hotell, i sin finaste stas, og vandra så inn i spisesalen for å innta festmiddagen. Nedanfor ser de den steikte ueren, som var svært god!




Vi åt og koste oss, og tida gjekk fort. Den meir høgtidelege delen av møtet starta da seniortaus Jorunn (Taus-of-the-year 1998) brått reiste seg og heldt ein liten tale. Taus-of-the-year-tittelen vart for andre gong delt ut denne kvelden. Kandidaten fekk både diplom og eit vakkert, særprega sølvsmykke. (Bilete til venstre) Grunngjevinga for valget vart lese opp: "Med takk for flott arbeid med å dokumentere TPT sin aktivitet for framtidige generasjonar av tauser og andre interesserte. Ho viser stor kreativitet og evne til å kombinere både gamal og ny teknikk. Ho har gjort eit ihuga arbeid for å introdusere ny teknologi i TPT" Det var Herdis som vart heidra på denne måten, og kan nå også titulere seg "Seniortaus". Ho nemnde i takketalen ein som først og fremst har bidrege med mykje tålmod med omsyn til at partnaren stort sett har sete med ryggen til, og som oftast har svart på tiltale med einstavingsord eller grynt det siste halve året - ektemannen Arnstein.
Etter prisutdelinga gjekk vi vidare med dessert og årsmøtesaker. Her kjem eit referat frå protokollen:
JUBELÅRET 2008
1. Då har vi igjen kåra Taus-of-the-year: Herdis! (sjå lenger opp)
2. Ulltruse: Astrid T har fått ULLTRUSE i år. Spørsmålet er: bruker ein noko under? (Ulike forslag kjem her opp, eg refererer ikkje desse). Konklusjonen vart: det er som med det meste i TPT - valfritt!
3. Ingenting gale med Aurlandsdalen. 6 av 7 frammøtte har lyst til Krakow. Nederland står sterkt som nr. 2. Konklusjon: Krakow hausten sept./okt. 09, Jorunn held auge med billettar torsdag til mandag. Vi skal på kulturseverdighet og jazzklubb. Hotell Laura Ashley. (Astrid T har full oversikt her)
4. Aurlandsdalen - ka e so gale med starten av juni 09 då? Ingen ting. Vi reiser inn, tek Flåmsbana, går ned dalen og får middag med systra til Astrid. Fretheim hotell er aktuelt. Astrid T undersøker dette.
5. Vi kan ikkje ta alle tre turane i 2009. Realistisk med Aurlandsdalen vår og Krakow haust. Nederland våren 2010. Gitta undersøker kva som er muleg her. Flott å sykle i Nederland nå tulipanane blømer.
Protokollen er signert av Kari, Astrid P, Herdis, Astrid T, Jorunn, Marit og Gitta (juniortaus)
PS: fleire bilder i albumet!!

søndag 7. september 2008

Glitteregga 7.9.(gebursdagsgavetur)

Eit av medlemmene våre (gratulerer med dagen, Jorunn!) har lenge ønska seg tur til Glitteregga som gebursdagspresang, og i dag var tida komen for tindebestigninga. Glitteregga er forresten det høgaste fjellet i Eid kommune. Vi slo oss i lag med Turlaget, og heile den store flokken vart geleida på rett veg av den kyndige vegvisaren Ingrid K. Øyra. Turen vart fantastisk for Kari, Andreas (12), Jorunn og Herdis. Bilda taler for seg sjølv: (fleire i albumet)


fredag 5. september 2008

ÅRSMØTE

Kunngjering!
Det blir årsmøte på Nordfjord hotell laurdag 13.september. Vi møtest i puben om lag klokka 19.30. Påmelding til Jorunn.

Jursteinen 20.august


Jorunn, Bodil, Herdis og Pål (firbeint) var på Jursteinen ovafor Lindviksetra i fint vær denne onsdagen. Det er ei stund sidan nå, og mykje vatn har rent i havet, og mange TPT-turar har vore avvikla sidan. (Slik går det når bloggsjefen ikkje gjer jobben sin). Uansett: vi kom ned igjen noko blåare rundt munnen enn da vi starta, og vi fann det mystiske og skumle fotavtrykket i steinen.....


Fleire bilder i albumet.


torsdag 7. august 2008

Torheimsetra via Bjørnaskarnakkjen


I går var vi på tur igjen, denne gongen frå Hansgjellen på Hundvikfjellet, via Bjørnaskarnakkjen og til Torheimsetra - Torheim. Astrid P sin Anders var så snill å møte oss med bil nedanfor setra, og Astrid og Kari vart med han. Kari henta "spisevogna" på Hansgjellen, og kom og møtte oss andre på Torheim. Da hadde vi hatt ein nydeleg tur bortom tunet til Astrid T sine foreldre, der vi mellom annan meska oss med kirsebær frå nokre bugnande tre. Mmmmm. Det var ein vakker sommarkveld på frodige Torheim, og kaprifollukta låg tung kring oss der vi gjekk i møte med sjåføren vår. "Vi" var denne gongen: Kari, Jorunn, Astrid T, Hilde, Astrid P, Bodil og Herdis. Fleire bilder i albumet.

onsdag 30. juli 2008

Maragjølsetra



Turen i dag gjekk til Maragjølsetra. Vi var fem tauser med denne gongen: Kari, Astrid T, Jannicke, Jorunn og Herdis. Været var litt spesielt: tora buldra i bakgrunnen, men ga seg omsider. Regnskura som vanlegvis følger etterpå glimra med sitt fråver, og TPT-turen vart enda ein gong mirakuløst nok gjennomført i utmerka (opphalds)ver! Det var ørlitt kjølegare i lufta enn det har vore dei siste dagane, noko fleire av oss sette pris på. Varmt nok likevel! Vi fekk ein flott tur, og møtte Turlaget på veg ned da vi var oppe ved brua ovafor setra. Dei hadde heller ikkje lete seg skremme av været, heldigvis for både dei og oss. Det er fint der oppe, kan absolutt anbefalast. Fleire bilder i albumet.

torsdag 24. juli 2008

Tur til Hornet frå Hamneset

I går (onsdag 23.07.)var TPT på ein flott tur til eit heilt nytt turmål for oss: Hornet ved Hamneset. Deltakarane denne gongen var Jorunn, Kari, Astrid T, Marit og Herdis. Kari hadde vore der for første gong nyleg, og viste veg oppover. Astrid var jo på kjente trakter, ettersom besteforeldra hennar har budd på bruket der turen starta. (Vi var til og med bortom og kikka på hyttetomta hennar på veg ned, med Nordfjords flottast eik!. Her kjem nokre bilder frå den uvanleg fine turen: